Sunday, July 31, 2005

Medan eg ventar på muffinsen..

Eg tek eit bet av julebrød skiva mi. Skiva med brunost, som eg smurte medan eg tenkte, "eg har lyst til å skriva på bloggen min". "Medan eg ventar på muffinsen", syntes eg var slik ei fin overskrift at eg berre måtte skriva noko om det. Eg har bakt muffins. Eller rettare sagt, Eg har smelta litt smør, tatt 1,5 dl vatn opp i ei bolle og heldt i Toro mixen (tar endå eit bet av skiva). No står dei midt i ovnen (i følge pakka skulle dei stå der), og steiker seg brune og fine i den 200 grader varme lufta. Dei skal stå 12-15 min. Trur dei snart er ferdige.. eg må opp å sjekka!

Berre eit lite innlegg medan eg ventar på muffinsen..

(eg har ete opp skiva)

No comments: